www.pax.no

Oddbjørn Leirvik: Religionspluralisme

Oddbjørn Leirvik: Religionspluralisme

Pris:
329.00
ISBN: 9788253038872
Status: I salg
Utgitt år: 2007/2016
Innbinding: heftet

Religionspluralisme

Mangfald, konflikt og dialog i Norge

NY, REVIDERT UTGÅVE

I denne oversiktlege boka teiknar forfattaren eit kart over det nye religiøse Norge og gir forslag til korleis det nye pluralismekartet kan lesast. Her handlar det ikkje berre om dei ulike kristne trussamfunna og innvandrarreligionane islam, buddhismen, hinduismen og sikhismen. Også humanetikken, jødedommen, bahai-trua og ulike nyreligiøse rørsler bidrar til mangfaldet av tru og livssyn.

Eit sentralt spørsmål som boka drøftar, er korleis ein skal forstå forholdet mellom kultur og religion. Både konfliktliner i kultur- og religionsmøtet og ulike forsøk på dialog blir presentert.

Leirvik ser på sentrale trekk ved religionsdialogen si utvikling i Norge og stiller spørsmålet: Kva er oppnådd etter tjuefem års religionsdialog? Er trus- og livssynssamfunna nøgde med å stadfeste kvarandre sin religionsfridom, eller vågar dei også å utfordre kvarandre i kontroversielle spørsmål som kvinna si stilling? Og kvar går dei viktige moralske og politiske skiljelinene  – kanskje heilt på tvers av tru og livssyn?

Tredje utgåve.

Forfatter(e):

137