Religionskritikk på norsk

Pris:
305.00
Førpris: 349.00
ISBN: 9788253043586
Status: Forventes utgitt 27.10.2022
Utgitt år: 2022
Innbinding: Heftet

Religionskritikk på norsk

Kjempande humanisme

Eit bidrag til ein samtale om religion

Denne boka kan lesast som eit historisk oversyn, men ho er også meint å vere eit bidrag til samtale om religionskritiske utfordringar i den norske konteksten –  på tvers av tru og livssyn. Forfattaren rullar opp religionskritikken i Norge, frå det moderne gjennombrotet og fram til dagens religionskritiske debattar. Han identifiserer sentrale arenaer og aktørar, og viser korleis religionskritikken har skifta fokus frå kristendoms- til islamkritikk. Boka er også systematiserande og forfattaren skil mellom tre hovudformer for religionskritikk: intellektuell, moralsk/politisk og eksistensiell.

Den andre hovuddelen av boka er konsentrert om humanismen og forfattaren gjer seg til talsmann for såkalla «kjempande humanisme», ein humanisme som går i klinsj med autoritære og antihumane rørsler og også utfordrar religionane når det er nødvendig. Boka gir også eksempel på religionskritikk i praksis – relatert til Bibelen og Koranen.